Bergsingane

 

"Same ætti hev seti paa garden Berge på Rauland so langt tilbakar nokon veit. Eldste mannen det gjeng segn um heitte Rikard, og han var gift med eit huldrekvende. Ein dag ropa ho på honom or smidja heim aa eta, og so kom han ikkje med det same, han trøyttest med ein hestesko, som han smidja på. Då vart kona vond og gjekk åt smidja og rette ut hesteskoen med berre nevane. "Hòtt tenkjer du eg konne gjera mæ deg naar eg ville?" sa ho."

Frå bygdesoga for Vinje og Rauland av Rikard Berge

 

 

Mange personar runne av Bergsætta har vore langt framme i kulturlivet. Kan hende det var huldreættemora som drog med seg gåverikdomen? Noko særskilt var det i alle fall med "Bergsnyvlanne".

 

Sigurd Augunsson Berge
(ca. 1637 - ca. 1716)

- tipp-tipp-tipp-tipp-oldefar til Eivind Groven

"Sigurd hadde ei par kulur i blesa liksom to nyvlar, so dei kalla honom "Bergs-nyvilen". Men vednamnet fekk han vel likso radt for di han nyvla og tok att med den eine og den andre av grannane."

Frå Vinje og Rauland, bygdesoge av Rikard Berge

Sigurd var gift med Gyrid Åsmundsdotter.

 

Gyrid Åsmundsdotter

- tipp-tipp-tipp-tipp-oldemor til Eivind Groven

Gyrid hadde komi vestate. "Ho og mor hennar kom reisande til Haddeland og sette i frå seg på Berge:

"Her set eg ned min vandringsstav,
her vil eg vera til min døyanddag!
Her set eg ned min kjepp,
her vil eg ride ei brur so kjekk,

sa ho. Gyrid tok seg teneste på garden, og blei etter kvart gift med bonden sjølv, Sigurd Berge.

Frå Vinje og Rauland, bygdesoge av Rikard Berge

 

Åsmund Sigurdsson Berge
(1671 - 1728)

- tipp-tipp-tippoldefar til Eivind Groven

Åsmund var gift med Ågot Olavsdotter Svalastoga, Nesland, Rauland

"I den tid so hadde dei ikkje vatn heime på garden. Dei måtte heilt burt i skogkanten for å hente vatn. (...) Åsmund kom på det at ein måtte kunne få forandring på dette. (...) So fann han på å leggje røyr av stokkar som han bora hol gjenom. (...) Vatnet kom piplandes gjenom den siste stokken og ned i tunet på Berge."

Frå "Eivind Groven fortel", Eivind Groven - Heiderskrift til 70-års dagen

 

Aslak Berge
(1706 - 1773)

-tipp-tipp-oldefar til Eivind Groven

Gamle Aslak Berge vart ikkje berre ættefar til ei stor kvedar- og spelemannsslekt som har markert seg, og framleis markerer seg sterk på folkemusikkarenaen. Fleire av etterkomarane skulle bli kulturpersonlegdomar av internasjonalt format.

Av etterkomarane til Aslak Berge kan fylgjande nemnast i kronologisk rekkefylgje: Håvard Gibøen, Smedalsbrørne, Rikard Berge, Olav Groven, Aslaug Vaa, Dyre Vaa og Eivind Groven.

Aslak var gift med Ingebjørg Knutsdotter Tveito frå Lårdal

 

Ånund Aslaksson Berge
(1753 - 1836)

-2 x tippoldefar til Eivind Groven på morsida (1 x tippoldefar på farsida)

Ånund Berge var spræk til å danse, han spela langeleik og kvad gamle viser.

"Aanund sat so omorlaus og tulla gamle låttar og kvad gamle visur naar han hadde det i hovudet. Han tulla so leikande, og treiv gjerne eit par staband eller veskidur som han nytta ti fele og boge. "Æ de`kje moro daa?" sa han. Han tulla "Tinnemannen" og "Maltsteinen" og mange andre gamle slåttar."

Frå bygdesoga for Vinje og Rauland av Rikard Berge

Ånund var gift med Sigrid Tovsdotter Groven frå Mannås.

 

Sigrid Tovsdotter Mannås-Groven
(ca. 1752 - 1824)

- tipp-tipp-oldemor til Eivind Groven

"Ho var kraftig og sterk. Det var ho som fødde på fjellet frå Bitdal til Berge. Det var halvonnor mils veg å gå. Ho fødde midt på fjellet, pakka ungen i stakken sin og gjekk til bygdar. Det er fortald at ho var ei av dei fyrste som fora kyrne slik om vinteren at dei såg velfødde ut. Det var ikkje vanleg å fore slik at buskapen såg godt ut om våren. Men hennar kyr såg like feite ut om våren som om hausten."

Frå "Eivind Groven fortel", Eivind Groven - Heiderskrift til 70-års dagen

Sigrid var gift med Ånund Aslaksson Berge

 

Ånundssønene som delte Berge mellom seg

- oldefedrar av Eivind Groven

Aslak og Olav, dei to eldste sønene av Ånund A. Berge, var fødde på slutten av 1700-talet. Båe blei omgangsskulelærarar og høgt akta menn i si tid. Dei bytte garden mellom seg. Aslak ble sitjande med hovudbølet, Olav fekk gardparten Jorde og tok namn etter den.

Eldste sonen av Aslak Berge, Rikard A. Berge, gifte seg med dotter til Olav Jorde, Sigrid Jorde. Syskenbarnekteparet fekk fleire barn: Eine dotter deira, Sigrid, blei mor til Rikard Berge. Andre dottera, Aslaug, blei mor til Eivind Groven. Rikard Berge og Eivind Groven var altso dobble syskenborn.

 

Aslak Ånundsson Berge
(1777 - 1831)

- far av morfar til Eivind Groven

Aslak Berge spela noko fele, men la ho burt. Kona, Ingebjørg Rikardsdotter Rottjønn, var haugianar og heldt felespel for synd.

Aslak og Ingebjørg vart oldeforeldre til Eivind Groven og tippoldeforeldre til Tarjei Vesås.

 

Olav Ånundsson Jorde
(1785 - 1846)

- far av mormor av Eivind Groven

Olav Jorde blei gift med Signe Åsmundsdotter Tveito (f. 1795) frå Vinje. Henne har me bilete av.

Olav og Signe fekk tre døttre. Den eldste, Sigrid, vart mormor til Eivind Groven og Rikard Berge. Den nesteldste, Aslaug, blei farmor til Aslaug og Dyre Vaa. Den yngste, Margit vart mormor til Tarjei Vesaas.

 

Signe Åsmundsdotter Tveito
Signe Åsmundsdotter Tveito, kona til Olav Jorde

Rikard Aslakson Berge
(1815 - 1902)

- morfar til Eivind Groven

Kvedarbonden Gamle-Rikard Berge , var eit oppkome av gamal tradisjon.

"Um denne merkelege mannen kan de segjast, at han kunde meir av folkekunst enn nokon annan i vaart land i notidi. Men de trefte seg so syrgjeleg, at han nyst var daain daa eg ifjor sumar kom der upp og skulde skrive ned visetonar og slaatir. Men de er von at det meste likevel er berga av borni".

Arne Eggen i 1904.

Rikard Aslakson Berge
Rikard Aslakson Berge, "Gamle-Rikard"

Gamle-Rikard fekk ikkje lære seg å spele fele - mor hans tykte felespel var synd. Men han var svært musikalsk og tulla slåttane godt. Han hadde eit godt minne, og kunne mykje ballader, viser, salmar og anna gamalt tradisjonsstoff. Det meste hadde han etter bestefar sin, Ånund Berge, som Rikard var mykje i lag med då han var liten..

Burtsett frå dei visetonane godsonen Rikard Berge greidde å få ned på notar, var det diverre ingen som skreiv opp melodistoff direkte etter Gamle-Rikard. Derimot har etterkomarane vore vitja av ulike innsamlarar og utøvarar på jakt etter gamalt: Arne Eggen, O. M. Sandvig og Rolf Myklebust var av dei som søkte bergsættlingane.

Eivind Groven fortel at han gjennom åra fekk over 100 folketonar og nesten like mange slåttar etter mor si og dei nærmaste slektningane. Mykje av stoffet skreiv seg attende til Gamle-Rikard og bestefaren Ånund Berge.

Delar av songtradisjonen etter Gamle-Rikard lever i familien den dag i dag.

 

Sigrid Olavsdotter Jorde

- mormor til Eivind Groven

Sigrid var dotter av Olav Jorde, og gift med fetteren Rikard Aslaksson Berge.

Sigrid Olavsdotter Jore, gift Berge
Sigrid Olavsdotter Jore, gift Berge"

 

Torbjørg Rikardsdotter Berge

-morsyster til Eivind Groven

"Eldste syster av mor, Torbjørg, spila sjøfløyte, og me hev sjøfløyta enno. Ho spila Kivlemøyane på den."

Frå "Eivind Groven fortel", Eivind Groven - Heiderskrift til 70-års dagen

 

Aslak Rikardson Berge

- morbror til Eivind Groven

"Morbror Aslak, som drog til Amerika, var god spelemann. Det var ingen som fekk take vare på dei slåttane han kunne."

Frå "Eivind Groven fortel", Eivind Groven - Heiderskrift til 70-års dagen

 

Olav Rikardsson Berge
(d. 1927)

-morbror til Eivind Groven

"Hausten 1909 hadde Olav Berge vore på vitjing i Groven. Eg kjem i hug han sat i benken og spila den eine slåtten etter den andre, millom anna Gjerki Haugland, som eg lærde. Det surra i hovudet mitt av felespil etter at han hadde reist. Det var slik farge i slåttane."

Frå "Eivind Groven fortel", Eivind Groven - Heiderskrift til 70-års dagen

 

Olav Berge spelte hardingfele, og Rikard Berge, systersonen hans, gjorde voksrullopptak av spelet hans. Speltilfanget til Olav Berge var gamal Raulandstradisjon, Berge/Gibøstradisjon. I tillegg er raulandsgreina av Myllarspelet er for ein stor del overlevert gjennom Olav Berge. Myllaren var god ven av far hans, Gamle-Rikard Berge- Myllaren vanka jamleg på Berge. Slik lærde Olav Berge fleire av slåttane Myllaren spelte.

 

Sigrid Rikardsdotter Berge
(1854 - 1943)

-morsyster til Eivind Groven

Sigrid var kan hende den beste kvedaren av Rikardsdøttrene. Son hennar, Rikard Berge, gjorde noko voksrullopptak med henne. Av voksrullopptaka høyrer me at ho har god kvedarrøyst. Stø toneføring og overtygande rytmikk. Delar av tradisjonsstoffet etter Sigrid Li, er overlevert gjennom dottera Torbjørg Omland.

Sigrid var gift med Gjermund Li.

 

Torbjørg Gjermundsdotter Li
(1895 - 1994)

-søskenbarn av Eivind Groven

Torbjørg Li, gift Omland, var ei stor kjelde med eit skapande minne. Ho vidareførte tradisjonen etter mor si, Sigrid Rikarsdotter Li. Eivind Groven fekk fleire gode tonar av Torbjørg. Diverre fekk han henne aldri framom mikrofonen i NRK. Det finst berre eit privatopptak frå ho var gamal, og då er det så vidt ho vil synge.

 

Rikard Gøytil

-dobbeltsyskenbarn av Eivind Groven

Rikard Gøytil var ein spelemann med ovstor slåttekunne. I tillegg kunne han mange gamle visetonar. Han hadde fenge mesteparten av slåttetilfanget etter morbror sin, Olav Berge.

 

Signe Aslaksdotter Berge
(1798 - 1814)

-syster av Ånund Berge

"Signe Berge var stillfarande og mildlynt, glad i song og musikk."

Rikard Berge i Haavard Gibøen 1932

Signe veit me tulla Maltsteinen, ein gamal slått i Bergetradisjonen. Ho gifta seg med Steinar Aslakson Gjuvland, og vart bestemor til Håvard Gibøen og tippoldemor til Smedalsspelemennene.

 

Håvard Gibøen
(1809 - 1982)

-dotterson av Signe A. Berge

Ved sida av Myllarguten, og Fykeruden er Håvard Gibøen , frå Møsstrand på Rauland, den spelemannen som står lengst fremme i Telemarks spelemannssoge.

"Båe besteforeldri på morsida var av Bergsætti på Rauland, godmori, Signe Aslaksdotter Berge av hovudgreini, godfaren, Steinar Aslaksson Gjuvland (1751 - 1828), av Raulandsgreini av same ætti. Båe desse og mange av skyldningane deira var musikalske, og det hev vore mange både spelemennar og songarar av ætti.".

Rikard Berge i brev til Eivind Groven

 

Kjetil Håvardsson
(1842 - 1919)

- son av Håvard Gibøen

Kjetil Håvardsson var god spelemann. Han vidareførte tradisjonen etter far sin.

Eilev Smedal
(f.1889)

-godson av syster til Håvar Gibøen

Kjend storspelemann som reiste til Amerika. Ein gong han var heime laga Eivind Groven eit radioprogram med han. Han spelte mellom anna Maltsteinen etter bestemor si på farsida som var syster av Håvard Gibøen. Bestemora hadde fått slåtten etter bestemor si att, Signe Alsaksdotter.

Eiliv Smedal hadde elles 3 eldre brør som var særs gode spelemenn.