Olav Gøytil
(1865-1947)

- far til Eivind Groven

Olav Åsmundson Gøytil var fødd og oppvoksen i Gøytilsgrend i Lårdal. Han var yngst av ein søskenflokk på 10. Då han var heilt ung gjekk han til presten for å få attest for å reise til Amerika, men presten såg på han og sa:
"Du skal ikke reise til Amerika. Du skal heller få en anbefaling så du kan begynne på lærerskolen."
Og slik blei det. 21 år gamal var han ferdig lærar.

I 1890 ekta Olav Gøytil Aslaug Rikardsdotter frå Berge på Rauland. Dei busatte seg på Groven i Gøytilsgrend i Lårdal, drev garden og fekk 5 gutar.

Eivind Groven fortalde om far sin:

"Far hadde stor sanningskjærleik. Eg kan aldri hugse at han sa noko som ikkje stemte på eit hår. For nokon med fusk, var han streng. Han var litt av ein jurist og hjelpte mange. (...) Han tolde ikkje at kaksane utnytta fatigfolk. Han var i heradsstyret i alle år, og ivrig talar var han. Tala til ungdomen gjorde han ofte."

"Det var synd att eg ikkje fekk skrive opp dei rundansslåttane far spilte på fele."

Sitata er henta frå Eivind Groven fortel (Eivind Groven - Heiderskrift, Oslo 1971)