Gøytilsfolket var godt likte i bygda og tro ofte til dersom det var noe. Flere av dem hadde tillitsverv i bygda, og de var glade i sang og spel:
"Men so var det bestefar på farsida. Han heitte Åsmund Groven. Han var so veldig te arbeide. Far sa han sleit seg aldeles ut. Det var han som bygde det store buret som stend på Groven no. (...) Han blei ikkje gamal, døydde av tuberkulose ikring 1870. Og han fekk heller ikkje lov te lære å spila fele, endå han var svært musikalsk."
Frå "Eivind Groven fortel", Eivind Groven - Heiderskrift til 70-års dagen
Åsmund vart gift med Margit Eivindsdotter Særend, og dei vart farfar og farmor åt Eivind Groven.
"I staden for fele laga dei seg langspil, ei slags fele med tvo strengjer, som dei la på bordet. Dei spila med bogje. Om lag som salmodikon. Det var ikkje syndig å spila langspil. Fela blei halde uppå bringa; dette låg på bordet. Farbror min, Olav Sandok, (...) var ein selskapskar og litt for glad i det sterke. Ungane døydde små for det meste. Som gamal budde han i Vesle-stogo på Groven. Me kalla han Gamlen. Han sat ofte og spila på langspilet. Eg kjem i hug at han spila Siklebekken eller Personvrita, ein vanskeleg slått. "Ei vrite" er noko som er vrangt. Olav var ogso mykje saman med Myllaren og lærde av han. Og det var Olav Sandok som kunne Fossegrimen slik som eg lærde han."
Frå "Eivind Groven fortel", Eivind Groven - Heiderskrift til 70-års dagen
Olav Sandok var farbror til Eivind Groven, g.m. Gunhild O. Mandt/ Sandok
"Ein annan bror av far heitte Eivind Gøytil. Han var gift med Ingebjørg, syster av mor. Og Eivind var mykje musikalsk. Eg minnest han bles so fint på seljefløyte. God songstemme hadde han òg. Han kunne mange melodiar, særleg gamle salmetonar. Dei sa at Catarinius Elling var hjå han og skreiv upp. Etter borni hans hev eg skrive upp mykje. Fyrst og fremst etter Inga Tonna og Sigrid Førstøyl, Åsmund Gøytil og Rikard Gøytil som budde på Berge."
Eivind Groven fortel (Eivind Groven - Heiderskrift, Oslo 1971)
Eivind Gøytil var farbror til Eivind Groven, og gift med Ingebjørg Rikardsdotter Berge
"Aslak Gøytil, tridje bror til far, var òg ein lystig selskapskar. Han spila fele og var nest yngst."
Eivind Groven fortel (Eivind Groven - Heiderskrift, Oslo 1971)
- Aslak var farbror til Eivind Groven. Han var gift 3 gonger.
"Sumaren 1912 hadde me ei hjuring-gjente som heitte Bergit Gøytil. (søskenbarn av Eivind Groven på farsida). Ho skulle hjelpe til på støylen om sumaren. Eg fôr med sauene og ho passa kyrne. Ho hadde uvanleg fint songmæle. Og ho hadde støtt ein "huve" som me kalla det, og når ho huva, drog ho vendingan so langt ut. Eg var i nutane ovafor og høyrde ekko i alle åsane. (...) Verknaden var ugløymande, med alle rullingane burtover."
Eivind Groven fortel (Eivind Groven - Heiderskrift, Oslo 1971)
Bergit var søkenbarn av Eivind Groven. Ho gifta seg ikkje.