Eivind Groven og hardingfeleslåttane kan stundom sjåast som eit emne på tri plan. På det eldste planet var han spelemann1 i ein tradisjon. Tilfanget han voks opp med og lærde av spelemenn i nærlendet var hardingfelespel og folketonar i tradisjon frå bygdane i Vest-Telemark. Der var det han forma om gamle slåttar og laga nye. Dei ni ny-slåttane hans for solo hardingfele har røter i dette lendet. Dei ber bod om ein opphavsmann som meir og meir brøyter nye vegjer, men held seg teknisk innom grensa for den vanlege hardingfeleslåtten.
På det andre planet er han komponisten som brukar hardingfeleslåttar, t d Margit Hjukse og Siklebekken til grunn og emne i kor og orkesterverk.
På det tridje er han vitskapsmannen som samlar og granskar, og som sto sentralt i arbeidet med samleverket Hardingfeleslåttar I-VII. Men hjå Groven var det aldri tett skiljevegg mellom spelemann og samlar / granskar. I slåttemengdi han noteskreiv, var det mange slåttar han tok opp i eige spel. I den lange vinna med hardingfeleslåttane var det spelemannen Eivind Groven som granska.
Då Eiving Groven tok til å spela, kring 1910, rådde "det store spelet" grunnen på kappleikar og konsertar. Dette spelet, som Myllarguten (1801-72) og Lars Fykerud (1860-1902) rudde vegen for, vart fyrst og fremst dyrka i Bø og noko i Heddal. Spelet i Vest-Telemark og på Tinn vart ikkje halde so gjævt, og det heimlege spelet kunne i mange bygdar bli liggjande udyrka. "Det er ikkje noko å hava," sa Olav Groven, om spel i Vinje og på Rauland. Han tykte vel dei gamle slåttane der var for korte og einfelde til å visa seg med på kappleik. Men det er underleg at Olav Groven ikkje kom på å gjera desse slåttane rikare på same vis som Halldor Meland (1884-1972) gjorde med slåttar i Hardanger. At Olav hadde evne i den lei, høyrer me i Huvestaden, ein gangar, som han laga nytt sluttvek på, og i springaren Urjen.
I hardingfeleverket2 kan me telja oss til at frå heile hardingfeleområdet kjenner me rundt 1000 slåttar; av desse finn me kring 400 i Telemark. Det var gode slåttar Eivind Groven skreiv opp etter spelemenn frå Lårdal, Vinje og Rauland og eit spel som kan vera sereige og krevjande nok. "Uferdige" stubbeslåttar er der, men det finn me i alle tradisjonar. Sume av kjeldone hans var knapt so glupe på fela som Myllarguten og Gibøen hadde vore. Likevel - vesttelemark-lina i spel etter Myllarguten, skreiv Rikard Berge, "nådde ikkje flatlandane i kunst, men .. er likso trygg og ovleg mykje verd" (Berge 1921,158).
Eivind Groven var yngst av fem brør som spelte hardingfele, av desse vart Eivind og Olav kjende spelemenn. Dei lærde å spela med å høyra på og søkja opp spelemenn i nærlendet - i fyrste venda i Lårdal og Vinje - og på Rauland hjå morbror, Olav R. Berge (1856-1927). Felespelet og slåttane var so vanlege i heim og heimegrend at då Eivind tok til å spela i 9-årsalder, kunne han plystra eller tulla 50-60 slåttar. Mora, Aslaug, tulla einfelde vek og stubbar og var god kvedar. Slektningen Rikard Gøytil (sjå stamtavla) vart rekna som rikaste og stødaste slåttekjelda i Telemark attmed Torkjell Haugerud og Johannes Dahle. Andre viktige heimelsmenn (eller lære-meistrar) for tradisjons-spelemannen Eivind Groven var Øystein Hovdestad, Bjørn Lofthus, Tarjei Tvigyva og Eilev og Gunleik Smedal (jamfør lista over spelemenn han skreiv ned slåttar etter).
I 1916/17 laga Eivind ei liste over slåttar han kunne; det var kring 200. Lista, som inneheld slåttenamn eller noteskrivi innleiing på namnlause slåttar, har ogso tilfang frå spelemenn lenger aust i fylket, etter Arne Bjørndals prenta oppskrifter og andre kjeldor - so alle desse slåttane var nok ikkje nytta i Vest-Telemark frå gamalt. Noko av tilfanget hadde han lært gjennom tulling og plystring, og ein kan vel stilla seg noko kritisk til den læremåten. For ein tullar eller plystrar fær aldri med seg samklangane og har vanskar med å gje att bogeskiftingar, samanbinding eller oppdeling.3 Eivind Groven nådde likevel i so mykje gjennom slik læring at når han møtte spelemenn, kunne den nogranne læreprosessen falla lett, serleg når ein var so flognæm som Eivind. - Ein spelemann veit hòss detta skal vera, sa han om å føra tulling over på fela. Ein gong fekk eg honom til å spela Torsonen, og på fela gjorde han meir ut av emnet enn det som er prenta.
På denne måten lærde alle unge spelemenn i dei tider - frå fele til fele eller etter vokal framføring - tulling og plystring. Det som set Eivind Groven i ei serstode, er ikkje at han lærde fort, men at han alt som småfant laga slåttar, og hugen til å laga ny musikk voks seg berre sterkare utover i ungdomen. At han ogso eigna til seg kunnskap i ålmenn musikklære var som om ei førebuing til å saumfara det fråsegnlege tonetilfanget på ein meir vitskapleg måte enn spelemenn og kvedarar hadde gjort før.
Her fekk han nok oppelding heime - frå far, Olav Gøytil (1866-1947) som var lærar i bygdi og kunne ta einfelde slåttar på fela, - og frå lærar Åsmund Gøytil (1876-1950) som var kvedar og spelte hardingfele. Halvor Paradis (1862-1939), spelemann, må ogso nemnast. Han stava notar og kunne litt om musikk, og hjå honom fekk Eivind låna Arne Bjørndal: Norske slåttar. Arne Bjørndal (1882-1965) var den fyrste som for ålvor skreiv opp hardingfeleslåttar. Av bøkene hans fekk Eivind sjå koss hardingfeleslåttar tok seg ut på notar, og etter desse notehefti lærde han seg slåttar han likte.
15 år gamal lærde Eivind seg notar, og i 1917 skreiv han opp fyrste slåtten etter ein spelemann; det var Rekveen, ei form av "Guro Heddeli". Dette skulle han halde fram med heile livet. Dei fyrste åri, frå 1917 og utover, skreiv Eivind Groven slåttar han hadde i hausen - etter eige minne - og etter spelemenn som spelte føre, mellom andre spelemenn han møtte under lærarskuletida i Seljord. I 1934 tok han til å gjera grammofonopptak for NRK, og i 1937 sytte han for at NRK kosta seg tonefilm-opptakar som han nytta til grunnlag for oppskriving. Få år etter kom bandspelaren (magnetofonen) på marknaden, og etter krigen skreiv Groven opp slåttar so å seia berre etter bandopptak. Soleis skreiv han ogso etter opptak med seg sjølv - m a sine eigne nyslåttar som var innspelte mange år føreåt. Å skriva opp slåttar med opptak til førelegg er då ogso den mest analytiske transkripsjonsmåten.
I hardingfeleverket tel eg 28 oppskrifter etter eige minne. Det er gjerne slåttar, han lærde i unge dagar, og kom på att i seinare år, serleg då han samanlikna slåtteoppskrifter. Han kan gje opp "etter Olav R Berge", og so seier merknaden "etter minne". Stundom gjev han opp tvo kjeldor, "Olav R. Berge og Øystein Hovdestad". Slike oppskrifter vel eg å tolka som hans eigne utformingar på grunnlag av desse tvo.4
Etter Vest-Telemarks-spelemenn Eivind Groven høyrde, lærde av og skreiv opp etter til dels i åri 1917-24, til dels seinare5 , er det i hardingfeleverket prenta 137 oppskrifter. Om vi tel både dei slåtteoppskrifter som er prenta i hardingfeleverket og uprenta original-oppskrifter, kan me telja oss til mellom 15O og 155 slåttar: 26/27 i 6/8 takt, 38/39 i 2/4 takt og 90/92 springarar.
Kjeldone for oppskriftene hans frå Vest-Telemark og vesttelemark-spel prenta i H er:
Kjelde | Oppskrivi | Område |
---|---|---|
Olav R. Berge |
47 |
Rauland |
Torjus Bringsvær |
1 |
Vinje |
Åsmund Groven |
2 |
Lårdal |
Kjetil Flatin |
1 |
Seljord |
Olav Groven |
12 |
Lårdal. I alt er det 20 oppskr, og 12 ser ut til å vera or fråsegn frå Vest-Telemark |
Olav Gøytil |
1 |
Lårdal |
Rikard Gøytil |
8 |
Lårdal / Rauland |
Åsmund Gøytil |
2 |
Lårdal |
Kjetil Haugen |
1 |
Vinje |
Torkjell Haugerud |
10 |
Ser ut til å vera etter fråsegn or Vest-Telemark Bø / Seljord |
Erling Heimestøyl |
1 |
Vinje |
Lars Hovden |
3 |
1932 Lårdal |
Øystein Hovdestad |
20 |
Vinje |
Mikkel Huvestad |
1 |
Lårdal |
Bjørn Høgetveit |
5 |
Vinje |
Bjørn Lofthus |
10 |
Vinje |
Tjøstolv Lofthus |
3 |
Lårdal |
Torleiv Lykkja |
3 |
Seljord |
Eivind Mo |
4 |
Rauland |
Hans Omland |
2 |
Lårdal |
Halvord Paradis |
3 |
Vinje |
Eilev Smedal |
22 |
Seljord |
Gunleik Smedal |
15 |
Seljord |
Olav Straume |
1 |
Fyresdal |
Aslak Torjusson |
4 |
Rauland |
Ånund Tveiten |
6 |
Lårdal |
Tarjei Tvigyva |
3 |
Lårdal |
Knut Vindal |
1 |
Seljord |
Samlararbeidet i 1917-24 vart gjort medan han gjekk på folkehøgskule og lærarskule utan økonomisk stønad. Vi ser at det er helst i dei næraste bygdane i Vest-Telemark han sankar slåttar. Det var greiast å koma dit på sykkel eller om ein gjekk, men det var og slåttar etter spelemenn der han helst ville ha tak i.
Etter at han flutte frå Telemark, var han lite på samlarferder. I 1930-åri for han noko ikring og høyrde på spelemenn om dei var gode nok til å spela radio. Då hadde han med seg eit morseapparat so han kunne mæla lengdi på taktslagi i springarane. Våren 1960 vitja han spelemenn i Buskerud og indre Hordaland; då au var det springarrytme han ville finna ut av.
Kva Eivind Groven opplevde saman med dei gamle spelemennenne i Vest-Telemark, veit eg lite om. Han hadde knapt nokor spørjeliste å gå etter når han var på slåttesank. Dei fleste var visst glade for at slåttane kom på notar, men ein ville ha femti kronor slåtten. Eivind Groven var ung spelar og brennhuga etter å læra nytt. Når han kunne notar, trong han ikkje plaga ein spelemann til å undervisa seg. Det han ikkje hugste etter å ha høyrt og notesett slåtten, tok han frå notebladet då han kom heim. I og med at han sjølv kjende so mykje spel, kunne han setja spelarane på slåttar eller eggja opp minnet deira. Av og til kunne han verta misnøgd. - Det var no noko dur-melodiar, hugsar eg han sa. Men so var han i eld over slåttar og spel han likte. Han tala ofte om samvære med Eilev Smedal (1889-1938) i 1936 og om gibø-slåttane hans.
Bror Olav lærde slåttar som Eivind hadde teke frå notar, skrive opp eller laga. Eivind Mo (1905-1996) tok opp sume av desse slåttane - mest etter Olav. Eivind Mo lærde beinveges av Eivind Groven au og fortalde meg koss det gjekk for seg ein gong på Mo. Eivind Groven vart ivrig og tok til å tulla på ein slått medan dei sat åt. Det var mot folkeskikken - må vita, men Groven kunne gjera slikt utan at nokon tok støkken. I 1950-åri lærde Eivind Mo Brunnslåtten og Sumar-morgon av honom og hegna vel om dei slåttane.
Lyddøme: |
Han bytte notar med Truls Ørpen som tok opp Suldølen (i Olav og Eivind Groven si form) "heilt rett" etter notane. Ørpen lærde frå seg slåtten "heilt rett" til spelemenn i Hallingdal. Då eg var 15 år gamal, lærde Odd Bakkerud meg noko av slåtten, og det var 'forme hass Truls'. På kappleikar i dalen kom det spelemenn og lét Suldølen i 'form etter Truls Ørpen'.
Åri etter krigen, då bandspelaren kom i sal, tok spelemenn, serleg i Vest-Telemark, opp radiosendingar med Eivind Groven. Når han var heimatt til Vest-Telemark om sumrane, sa han aldri nei til å spela inn slåttar på band for spelemenn der. I 1960 spelte han inn ein springar, Løytnantsdrengen, etter Olav R. Berge og Øystein Hovdestad for spelemenn i Numedal. Soleis kom sume slåttar snart i bruk att i miljøet der dei var henta. På stemnor dei siste 20 åri har m a Knut Buen, Øystein Romtveit, Alf Tveit og Stein Versto spelt slåttar av og etter Eivind Groven.
Spelemannen Eivind Groven var ein medviten slåttespelar. Ingen annan har granska so inngåande koss den nedervde hardingfele-slåtten er oppbygd. Ingen annan spelemann i samtidi gav slik gaum på tonesteg mellom heil- og halvtone. Han visste ogso kvar fela kunne yta mest i den einskilde slåtten. Fingreslag (trillar) og likringar greidde han ut om i boki om seljefløyta (Groven 1927).
Spelemenn er av ymse slag. Me har den trugne att-gjevaren, Johannes Dahle, som aldri "ensa dem låttun" han lærde av goffa, Knut Dale (1834-1921). På motsett kant har me Jørgen Tjønnstaul (1894-1986) som kunne spela svært fritt - ja so stundom so fritt at det enda i rot. Torkjell Haugerud kunne skilja slåttar og slåtteformer med matematisk grannsemd, seiest det. Når han framførde ein slått, kunne han vera fri, men slepte seg aldri utom den råma slåtten tolde. Eivind Groven kunne spela "rett" etter ei kjelde (jfr platevedlegg i H IV). Til andre tider frigjorde han seg og "dikta" ved kvar ny fram-føring innanfor råma som slåtten gav rom for. Det høyrer me i tvo innspelingar med Storesau Lauvvik samanlikna med oppskrifti som er etter Tarjei Tvigyva (1852-1925) frå Lårdal. - - Ein hardingfeleslått vert til vanleg spela gjennom tvo gonger. Mange spelemenn spelar likt båe gongene, medan andre kan brigda noko i andre gjennomspeling - sume har endåtil faste brigde då dei spelar slåtten oppatt. Det har ikkje vore nokon grunn til å saumfara alle opptak etter Eivind Groven til å finna ut av dette. Men ved dei ni slåttane han laga, og som er oppskrivne etter NRK-opptak frå 1949, 1960 og 1961 og prenta, syner det seg at I åkeren, Sumarmorgon og Regndagen har brigde i siste gjennomspeling medan dei andre, Halling-Jorånn, Tyrielden, Kvelding, Svartufsen, Våryra og Brunnslåtten so å seia er like i gjennomspelingane.
Truleg har Eivind Groven i større eller mindre mon sett merke på fylgjande slåttar: Gangarar i 6/98 takt (alle i H I) 92c Flatabøen (saman med Olav?)
Gangarar / hallingar i 2/4 takt (H II-III) 106 Maltsteinen (opptak i NRK frå 1949)
Springarar (H IV-VII) 246 Helga Djuviken
|
Han støypte, som nemnt, saman former etter fleire kjeldor. Eit døme på det er Maltstein i ei innspeling frå 1949 der han vatt i hop formene etter Olav R. Berge og Eilev Smedal. Slik samanstøyping skjer ikkje mekanisk, men krev formeevne hjå samanstøyparen. So her har det vokse fram ei ny form. Då skaparhugen melde seg, let han slåttar og vek njota godt av den evna. Det han la til eller nyforma i gamle slåttar, er ogso ei side av tonediktaren Eivind Groven, ei side som mun ha vore lite påakta. Det ser ikkje ut at han dikta nye vek eller bolkar i slåttane. Men han utvida med knopp-skjoting og bytte ut tak eller gjorde dei om.
Det han tok etter tulling kunne stundom vera berre vek eller brot av vek, og slike "vek" var traderte slåttemne. Koss Eivind Groven kunne gripa og nya oppatt ein slik stubb, ter godt i brot av eit hallingvek i 2/4 takt, han fekk i 1920-åri hjå Rikard Berge. Han hadde gjort voksrullopptak som Eivind Groven lydde på og noteskreiv. Men Berge var redd for å slita ut opptaki på voksrullane og spelte dei gjennom berre ein gong. Rillone kunne vera dårlege, stiften hoppa hit og dit so innhaldet vart skipla. Eivind Groven nådde i dette slåttestevbrotet or eit opptak med Margit Tveiten (1835-1923) frå Vinje:
Halling-Jorånn, Halling-Jorånn,
fylgde med gutane fjorång på fjorång. 6
Den stubben Eivind kjekste med seg var berre noko av det Margit Tveiten kvad. I Setesdal finn me emnet att i Slåtten hass papa, på låg bas, G-d-a-e og i 6/8 takt. Om slåtten har vore spela i liknande form og rytme på hardingfele i Telemark, kjenner eg ikkje til. Men Eivind Groven bygde ein "ny" slått over det han mintest etter Margit Tveiten, Halling-Jorånn, - på felestillet G-d-a-d (i Valdres kalla "ljøsblått"). Stillet var visst ukjent i Telemark, men var vanleg i Hallingdal og Valdres so Eivind Groven høyrde det nok fyrst i slåttar derfrå. I fråsegnlege slåttar på dette stillet ligg slåttetonen mest berre på midstrengjene. Men Groven la noko av slåtteemnet på kvint og bas og fann på tvigreps-samband som gjev andre samklangar enn dei som frå gamalt var å høyra i slåttar på ljosblått. I ein springar på same stillet, Svartufsen, som han laga seinare, har han enno dristugare fingresetnad og grip oftast b på G-strengen, men skiftevis g og h på a-strengen so slåtten fær molldåm.
At ein spelemann tok slåtteemne etter tulling eller kveding høyrer me om i tradisjonen òg. Håvard Gibøen gjorde om visetonen "Stakkars Signe" til ein springar, Signe. Andre gonger tek ein tullar emnet etter fela. Talleiv Røysland gjorde det, og so kunne det takast oppatt på instrumentet - so som me alt har nemnt at Eivind Groven gjorde med Jondølen. I smågutalder lærde han eit springarvek som Ambros Skaret, ein legdekall, tulla. Veket gjeng att som hovudbolk i ein springar, Gjenta nedmed strondi. Mykje talar for at Håvard Gibøen stod bak den formi på slåtten som Eivind Groven skreiv opp etter Gunleik Smedal i 1921. Veket etter Ambros Skaret grodde i hugen, og i 1924 skaut det knupp til ein springar, Kvelding4. Her har tvo tone-skaparar av same ætt, Håvard Gibøen og Eivind Groven - fødde med 92 års mellomrom - laga kvar sin slått over same emne, men på kvar sin måte og etter kvar sine føresetnader.
Til å kasta meir ljos over dette emnet er me nøydde til å gå ut over råma for hardingfeleslåtten og fråsegn or Vest-Telemark. Med komposisjonar for orkester kor og anna "fælt" sprengde Eivind Groven grensone for det traderte spelet. Stundom vekte det vanakt i spele-mannskrinsar. - No hev Eivind Groven øydelagt seg med bymusikk, sa dei. Det er ikkje å venta at spelemenn, som berre var opptamde til å høyra slåttar, skulle skjøna musikk han laga i store former for orkester. Men Kjetil Løndal var byrg over at Sevlien hadde vorte ein god orkestersats. Elles undra spelemenn seg over at dei ikkje høyrde att kjende folketonar i orkesterverki hans. Orkester og hardingfele hadde spelemenn vanskar med å godta; fela kom bort i orkesterklangen, totte dei. Hardingfele og piano var enno verre. - Det musikalske utbytet var null, sa ein spelemann som hadde høyrt Siklebekken - tilskipa med slik instrumentering.
Spelemennene tykte godt om Hardingfeletrioen, jamvel om sam-klangane kunne vera uvanlege og uventa. At det vart spelt visetonar og dilikt på hardingfele, hadde hendt før. Myllarguten og Håvard Gibøen gjorde det, likeins Knut Dale, Lars Fykerud og Svein Løndal. Men det var nytt og vart godkjent at hardingfela laga tonefylgje med eigi stemme til visesong eller kveding, Dei fredarlause menn og Gudmund og Signeliti. I Margit Hjukse gjekk Eivind Groven eit stykke lenger og sette hardingfele attmed kor og solistar; her nytta han ogso ein gangar med same namn. Det var Lars Fykerud og Torkjell Haugerud som hadde bygt ut den slåtten i 2/4 takt, Margit Hjukse, med grunn i "Sæbyggjegangaren" på stillet G-c-a-e. - Det var noko det, sa Johannes Dahle då Margit Hjukse "for kor, solistar og hardingfele" var sendt i radio, og agderspelemannen, Gunnar Austegard, sende hyllingsbrev.
Ovanfor såg me korleis slåttar og tonar vart kimar til nye toneverk. Samtidige spelemenn var inspirasjons-kjeldor òg - både til granskar-emne og til komposisjon. Kommentarane til radioprogram 1931-41 syner djup innsikt i emnet, og styrkte honom i trui på det han stelte med. Han fekk arbeidsmot av godt spel.
Ein regnvers-sundag i 1920-åri kom det tinndøler til Groven. Ein av dei var Hallvord Einung som spelte fele. Då lærde Eivind Groven ein springar på låg bas, Gullbringen. I stemning frå denne tinndølslåtten gjorde han seinare ein springar på låg bas, Regndagen, som i 1962 skaut ny renning i ein halling, Regnbogen.
Då han hadde skrive opp nokre låttar etter Olav Sataslåtten (1891-1972) frå Ål i Hallingdal i 1937, vart han inspirert til 1. satsen, Gangar, i Symfoniske slåttar nr 1. Tretti år seinare gjorde Hallgrim Berg og eg nokre opptak med den same Sataslåtten. Ein springar, Rustemannlåtten, fengde Eivind, og han ville nytta slåtten i eit korverk som aldri vart fullført. I 1960-61 skreiv han opp mykje slåttar etter Johannes Dahle. Sume av desse, som han ikkje kunne før, tok han opp, spelte på. Ein Springar etter Håvard Gibøen på låg bas, G-d-a-e er notert i F-dur med høg sekst. På d-strengen er grepet f gjennomført, men på e-strengen grip ein fiss; dvs at me fær ein forstørra oktav; g på kvinten og c på kvarten er stundom halvhøge. Fyrste taket og sluttvendingi (kadensen) har samklangen G-f. Denne springaren fengde ikkje berre spelhugen, men skaparhugen òg. Oppskrivaren fekk ikkje ro før slåtten hadde vorte til 1. sats. i Symfoniske slåttar nr 2.
Eit par år seinare skreiv han opp slåttar etter Halldor Meland. Opptaki var ruskute, og noteskrivaren var ikkje like oppglødd for alt, men so kunne han brjota ut: - Der har Meland laga ei god utforming. Då Eivind Groven i 1930-åri gjorde Siklebekken til 3. sats i orkester-verket Fjelltonar, var det Meland si form han bygde på. Det var den formi Eivind ogso brukte å spela. Siklebekken finst vidare for "hardingfele og orkester" og for "hardingfele og piano". Eivind Groven spelte ofte slåttar etter John N. Dale frå Øystre Slidre. - Han er god, var domen då han hadde skrive opp slåttar etter Ola Bøe (1910-86) frå Vestre Slidre. Likeins gledde han seg over spel av Torleiv Bolstad (1915-79) og Olav Moe (1872-1967). Sistnemnde hadde han i smågut-dagar opplevt i konsert på Åmot.
Oppskrifter var kjeldor for utvida slåttekunne og utvida utsyn i fleire spelstilar. Slik kunnskap kunne gje idéar til foredrag, radio-sendingar o a. Ein gong kom han med eit program om slåttane Spelar-Guro og Fjøllmanngjenta og nokre år seinare med eitt om springarrytme. I lærarskuletidi og under krigen skreiv han opp slåttar etter spelemenn i Heddal, og det vart til ein folkemusikk-halvtime med slåttar frå Heddal og Sauland. I 1960 laga han ein halvtime om felestille. Då greidde han ut om koss ein måtte stemma om fela når ein skal spela i andre toneartar enn d- og a-dur som har rom i det vanlege stillet A-d-a-e, "oppstemd bas". Årsaki er den flate stolen på hardingfela, som valdar at laus streng over eller under melodistrengen jamt kling med som tonika eller dominant. Andre stille skaper andre toneartar og onnor harmonisering. Stillet "låg bas", G-d-a e, var han glad i og laga komposisjonar for tvo harding-felor på det, Springar frå Symfoniske slåttar nr 1 og Regnbogen, halling i 2/4 takt. Låg bas gjev rom for fleire toneartar enn andre hardingfelestille. Der kan ein ogso få fram kvasse dissonansar og bråe toneartskifte utan modulering. Det kan stundom verka som om slåttar på dette stillet sprikjer i mange leider. Likeins granska han klangane i "den grøne stillingi" G-d-a-h frå Valdres, og klangskifte i eit nærskyldt stille A-e-a-h som finst berre i ein Huldraslått som Arne Bjørndal skreiv opp etter Severin Kjerland (1867-1961) i Granvin. Sjølv laga Eivind Groven slåttar på tvo nye stille i 1953, Brunnslåtten, stille A-c-a-e og Sumarmorgon stille A-c-a-d. På desse stemmingane kan ein spela i moll og med harmoniar som ikkje hadde klunge på hardingfele før.
Av og til var Eivind Groven domar på kappleikar. Etter Porsgrunn-kappleiken i 1964 kom han heimatt i øsing; - eg trur ikkje eg hev høyrt maken til hardingfelespil nokon gong. Kjetil Løndal (1907-87) hadde spelt Sevlien, og enno gjeng gjetordet om den framføringi. Måndagen etter drog Eivind oppi NRK og fekk kopi av opptaket. Han skreiv opp slåtten med same. Nokre vikor etter hadde Sevlien vorte til 3. sats i Symfoniske slåttar nr 2.
Eivind Groven var ikkje so aktiv i miljøet, men var med i mange program til sjukdom hindra det. Miljøet hadde stor age for honom, men agen kunne skapa avstand. I programleiing i radio og i foredrag der og elles var han greimælt og jordnær. Gjennom lang radiorøynsle hadde han lært seg til å seia mykje med fåe ord. Stort sett skjønte han spelemennene godt, men dei kunne ha større vanskar med å skjøna honom når han ordla seg med i musikkfaglege termar. - Du må gripa h og ikkje ciss, sa han til ein spelemann som ikkje kunne notar; det galdt grep på a-strengen, og i notelaus nemnebruk heiter det "med peikefinger" og "med langfinger". - Koss trør du springaren? spurde han Torleiv Bolstad? - Eg trør på ein og tri, svara Torleiv. - Kva meiner du med ein og tri då? spurde Eivind vidare. Samtalen skar seg heilt, må vita.
Arbeidet med verket Hardingfeleslåttar tok til fyrst i 1950-åri, og Eivind Groven la siste hand på manuskriptet i 1973. Ein skulle tru at han hadde hendene fulle med slåttegransking desse åri, men han rakk å byggja tvo reinstemde orgel og komponerte au, m a Margit Hjukse, Draumkvædet og Symfoniske slåttar nr 2.
Me skal ikkje gå inn på heile den lange orka med hardingfele-slåttane her, men noko må takast med. Eivind Groven stod sentralt og etterkvart åleine med det, og aukande parkinsonisme frå sist i 60-åri sette stagge i arbeidsdug og arbeidshug. Sumaren 1970, då han hadde skrive opp Jotunheimen etter Torleiv Bolstad, minnest eg fylgjande utbrot: - i 1936 skreiv eg sytjan slåttar på ein kveld; no orkar eg berre ein om dagen. Sjukdomen valda at kunne han ikkje bruka fela lenger. Han makta heller ikkje å halda oppe kontakt med miljøet og miste samkvæmet med mange spelemenn.
Groven gjorde kring 123O oppskrifter5 etter hardingfelespel, og vel 750 av dei stend i hardingfeleverket.
Etter førespeling på fele og etter minne, mest frå 1917-24 og spreidde ting åri 1933-50 tel eg 316 oppskrifter. Etter NRK-opptak gjorde han 36 oppskrifter like før krigen. Frå åri 1950-72 er det kring 880 oppskrift-nr6, mest alt etter NRK-opptak. Opptak 1934-1941 hadde han gjort sjølv. Opptak yngre enn 1952 stod Rolf Myklebust for.
Då han stod i med notetilfanget, som skulle nyttast i hardingfele-verket, låg det noteblad - i store og små haugar - på golv og på stolar, benkjer og bord. Han vann seg innsyn i slåttetilfang han ikkje kjende, med å jamføra dei einskilde oppskriftene med kvarandre. Soleis fann han samanheng mellom slåttar og oppskrifter. Han måtte ogso akta på at same slåtten ikkje vart prenta tvo gonger på kvar sine stader. Diverre er ikkje hardingfeleverket lytefritt i so måte.
Desse åri hadde han godt hopehav med Rolf Myklebust og NRK òg.
Då Eivind dreiv på med springarbandi av Hardingfele-slåttar, kom han på eit par slåtteformer som Kjetil Løndal spelte. Han ringde og sette Kjetil på slåttane og lurde på om han ikkje kunne spela dei i telefonrøyret. Eivind ville ta opp slåttane i sin ende. Kjetil, som elles var lettbeden, gjordest ikkje huga på slik opptaksmåte. - Det er opptak i Kringkastingi, sa han. So var det å slå på tråden til Rolf Myklebust. Få dagar etter var slåttane avspela, og bandet kunne hentast i Kringkastingshuset. Slåtteformene står i H band V og VI.
I 1971 hadde Kjetil Løndal eit program med spel etter Ola Kolsrud (1820-90) frå Heddal. Kjetil lærde seg slåttane frå opptak som Anund Haugan (1883-1962), ogso heddøl, hadde spelt inn for NRK mange år før. Då Kjetil førebudde programmet, var eg ofte innom, og slåttane vart berre betre kvar gong eg kom. Dagne og eg tok opp sendingi, og det var ikkje meir enn utannonsert før Eivind seig inn. Han let vel om spelet og ville låna bandet. - Eg må skrive upp dessa slåttane, sa han. Notefestingi gjekk snøgt frå hand endå kor låk han var på den tid. Fem oppskrifter or denne sendingi kom med i siste band av hardingfeleverket.
Det ingen grunn til at ein ikkje kan setja hardingfeleverket under kritisk ljos. Kvassaste kritikken bar vel eg fram (Myhren 1965), og Eivind var samd i det meste. Mitt hovudankemål var: i bandi I-III var utvalet av spel geografisk skeivt i det at dei fleste lauslåttar / gangarar frå Numedal, Hallingdal og Valdres var utegløymde. Dette vart stort sett retta opp i band VII, og noko av utfyllingi sytte Eivind Groven sjølv for. Andre ankemålet - eg kom med - var at opplysningar kring slåttane ofte var skrinne eller misvisande og av og til tøvute. Som nemnt hadde Grovens eigne oppskrifter frå Vest-Telemark lite av historiske opplysningar, og slikt vantar ogso ved opptak han stelte med i NRK 1934-41 og ved dei fleste opptak der eldre enn 1952. Det tridje var at det vanta rekruttering. Truls Ørpen døydde i 1958 og Arne Bjørndal i 1965, men nye folk vart ikkje påsette.
Dei tri musikalske redaktørane arbeidde saman om band I-II (1958-59). Bjørndal og Groven redigerte band III og IV (1960 og 1963). Groven var åleine om V 1967 og grunnlaget for band VI og VII (redaksjon avslutta 1973) som Blom ofl gav ut (1979 og 1981).
Den formelle 'hovudredaktøren' i hardingfeleverket, og han som hadde makti, bukti og båe endane, St Olavs-riddar, musikkprofessor og dr philos Olav Gurvin, skreiv "Føreord" i band I, verket skal "velja ut dei rette slåttane" og "skipa dei". Han fortel ingen ting om kva slags krav det må setjast til ein 'rett' slått, eller koss dei skulle 'skipast' og 'veljast ut'.
Professoren nemner ikkje og evla heller ikkje å greia ut om det "slåttekrins-prinsippet" som Eivind Groven sette opp slåttane i. Denne oppsetjingsmåten gjeng ut på at slåttar som i ein viss mon har sams musikkemne eller innhald (sams vek eller bolkar og bolkane bør mest mogeleg fylgjast åt), er sette i ei gruppe (slåttekrins). Samstundes må ein skjota ut formlar, vandretak og vandrevek or jamføringi. Lat meg nemna eitt døme: emnet i ein springar, som heiter Asle Myro (Hallingdal), Anne Vik (Valdres) og Kåte-Reiar (Telemark), er so lett attkjenneleg at det utan tvil er tale om ein slåttekrins. Andre gonger kan likskapen mellom former vera verre å høyra. Det å setja opp eit tradert tilfang i variantar eller avbrigd har opphav i folkloristisk skulelærdom som dei tri musikalske redak-tørane hadde eigna til seg7, men som Gurvin og hans disiplar aldri hadde høyrt om.
Det vitskaplege prinsippet for oppsetjingi i slåttekrinsar burde ha vore drøft i 'føreordet'. For om ei slik oppsetjing - etter mitt syn - har mange føremoner, er ho ikkje lytefri. Ubundne av kvarandre gådde me (Groven og eg) mistak. Etterkvart som Eivind Groven sjølv vann djupare innsyn i emnet, vart han vis med at slåttar, som i hardingfeleverket band I og II og IV-V står åleine, "einstødingar", eller har fåe oppskrifter og smal geografisk utbreiing, burde stade under større slåttekrinsar.
Det ville ha letta den musikalske redigeringi om verket hadde vore ordna etter bygdelag og spelemenn. Rikard Berge såg det soleis i samtalar med Eivind Groven i 1960 og 1961. Spelemannen Henrik Gjellesvik frå Nordhordland åtte god innsikt i spel, og han bar fram liknande syn. Men med ei oppsetjing etter bygdelag og spelemenn hadde ein mist det fugleperspektivet som Eivind Groven såg slåtte-former og slåttar i. Lat meg minna om:
Endå sjeldhøyrde valdres-slåttar er ukjende i Setesdal, og sume vossaslåttar aldri var spela i Krødsherad, kan ein i stor mon sjå på slåttemengdi i det sentrale hardingfeleområdet, indre Hordaland og Valdres - Telemark som ein heilskap (Myhren 1993 287).
Det var etter eit slikt heilskapssyn Eivind Groven redigerte hardingfeleslåttane.
Spel frå Vestlandet - mellom Ryfylke og Sunnfjord - fekk han innsyn i gjennom oppskriftmengdene som Arne Bjørndal hadde gjort. Groven hadde skrive opp lite slåttar frå denne kanten av landet før i 1963-64 då han notefeste opptak av Halldor Meland. Spel i Buskerud og Valdres, hadde han heller ikkje stelt noko serleg med før i 1960. Åri 1960-65 vann han fram til grei innsikt i emnet - endå om han aldri vart heimekjend i desse utrastene. Han gruna fælt og lenge på kvar taktstreken skulle stå i springarane. I oppskrifter etter spelemenn frå Hallingdal og Valdres hender det at taktstreken står ein fjerdedel for langt fram. Det kan ogso vera mistolking i boge-skiftingar. Men dette er ikkje so beine. Arne Bjørndal hadde stundom vanskar med å skjøna bogebruk i slåttar frå Telemark, og både han og Truls Ørpen sette taktstreken ein fjerdedel for langt bak i springarar derifrå. Ørpen hadde vanskar med å høyra felestille på opptak; G-d-a-h skreiv han A-e-a-ciss. Bjørndal hadde på si side fenge med mykje opplysningar om spelet: slåttevandring, segner, bruksmåtar o m.
Eivind Groven arbeidde fort og vart ferdig. Om oppskrivar-verksemdi reint ålmennt hevdar Bjørn Aksdal: "transkripsjonene hans representerer fremdeles noe av det ypperste vi har av ned-tegnelser. Han tok ogso i bruk diakritiske tegn som betre enn vanlig noteskrift kunne gjengi folkemusikken" (Aksdal og Nyhus 327). Om dei "mistak" (lyte, feil) me finn ved hardingfeleverket, er harmelege nok, må ein likevel kunna seia: same kor nøgje og omhugsamt ein arbeider med eit so stort og vidsveimt emne, og kor lang tid ein brukar på det, er det uråd å få alt "rett" i kvar småting. Den, som nyttar verket og kan spelestilen, ser at mistak er lette å koma ut av. Brukaren kjem på rett veg utfrå det han kan og veit på førehand. For spelemenn er verket - i heilskap - ei kjelde til stor kunnskap, og det har pedagogisk siktemål. Her dreiv tvo spelemenn og slåttesankarar, Arne Bjørndal og Eivind Groven, lærarverksemd og gjorde slåttar note-tilgjengelege for spelemenn i ettertid. Verket må ogso sjåast i kulturvitskapleg ljos som skin langt utover bygdegrensor og landsdels-tradisjonar.
I "Forord" til band VII, som Jan Petter Blom, Sven Nyhus og Reidar Sevåg greidde med å gjeva ut, heiter det om Groven og tilrette-leggjingi av notetilfanget:
Mest sentralt kom Eivind Groven til å stå. I realiteten ble han hovedredaktør for notematerialet. Han påtok seg den krevende oppgaven å systematisere hele det brokete slåttematerialet i variant-familier, han gjennomgikk og klargjorde samtlige transkribsjoner som skulle trykkes, og endelig satte han i gang en ganske omfattende opp-sporing og nytranskribering av slåtter for å fylle huller9 i det eldre manusmaterialet. I dette siste arbeidet var det NRKs .. lydbåndarkiv som ble hans hovedkilde. Etter at Ørpen var gått bort i 1958 og Bjørndal i 1965, var Groven alene i redaksjonskommiteen om note-arbeidet inntil siste hånd i 1973 var lagt på manuskriptet. Uten forkleinelse for noen annen må det kunne slås fast at uten Eivind Grovens spesielle innsikt og begavelse og hans vilje til å ofre så mye som 20 av sine siste arbeidsår - mot en ren symbolsk betaling - ville hardingfeleverket knapt ha sett dagens lys i den form det nå har fått.
(Understreka her.)
Bjørndal, Groven og Ørpen var nok i hovudsak samde i å setja slåtte-oppskriftene inn i slåttekrinsar ("variant-familier"). Men det var berre Groven som hadde musikalsk og intellektuell kapasitet til å rå med det store tilfanget, og som fekk grein og skipnad i det. Her var han både utøvande spelemann og slåttekjennar som i hug og tanke møtte andre spelemenn og bytte spel med dei. Då høyrde han at det ikkje berre var einskilde og ukjende slåttar frå her og der, men at mykje var sams. Når tilfanget er redigert i slåttekrinsar, fær ein betre musikalsk utsyn over heile mengdi enn om ein legg fram einskild-former bygdevis etter spelemann for spelemann. Det syner ogso kva Eivind Groven likte å granska i. Han brydde seg ikkje so mykje med historiske detaljar om slåttar og livssoga åt spelemenn. - Det kan Rikard Berge, sa han. Eivind Groven ville heller finna ut av og gjera greie for tonalitet og form, takt og rytme i musikken og samanheng mellom slåtteformer og slåttar. Styrken Eivinds i folkemusikkarbeidet var spelemannen i hand med slåttegranskaren og toneskaparen, - spelemannen, som kanna seg nye slåttar, og granskaren med komponistinnsikt som på same tid analyserte desse slåttane. Soleis leitte han fram einskap i mangfeldet.
Ovanfor har eg prøvt å fortelja om hardingfelespelaren, slåttesankaren og -granskaren Eivind Groven.
I overskrifti nytta eg ordi: arv, tileigning, skapande verksemd og granskaremne.
Arv - Bakgrunn for spelet fekk han i Vest-Telemark der hardingfela levde i heim og heimbygd, i lag og lyd. Av den grunn kunne han mykje av tonetilfanget før han spelte noko instrument.
Tileigning - I ni-års alder tok han til å bruka fela, og han lærde seg notar i tenåri. All sin dag eigna han til seg nye slåttar som han tok opp og spelte på.
Skapande verksemd - Han vart glødd av spelemenn og slåttar som kunne gje komponisten kimar til nye verk. Slåttar og vek vart emne til komposisjonar. Sjølv laga han slåttar - sume med uvanlege klangar. Toneskaparen Eivind Groven løyner seg heller ikkje i gamle slåttar han blenkte opp. Evna til å sjå musiksalsk samanheng i slåttemengdi kan ogso ha rot i toneskapande evnor.
Granskaremne - I samtidi dreiv han folkeopplysande arbeid i granskarånd om hardingfelespelet og andre sidor av norsk tradisjons-musikk. Han grunnla folkemusikkhalvtimen og folkemusikkarkivet i NRK. I hardingfeleverket la han slåttevyrket fram i noteoppskrifter, og han evna å sjå spel og slåtteformer i vitskapleg fugleperspektiv. I desse bøkene kan ein både læra seg slåttar og læra seg til å høyra samanheng mellom dei.
Magne Myhren